← Back to jobs
Bremnes Seashore AS

Ei nøkkelrolle innan fiskehelse og fiskevelferd gjennom heile verdikjeda

Bremnes Seashore AS
Bømlo, Norway

About this job

Bømlo Bremnes Seashore-konsernet er ein av Noregs leiande leverandørar av oppdrettslaks. Med lang erfaring, høg kunnskap om oppdrett og innovasjon i alle delar av prosessen, har vi utvikla kvalitetsprodukt som blir etterspurde over heile verda. Ved vårt topp moderne pakkeri og foredlingsanlegg på Bømlo produserer vi 500 000 laksemåltid kvar dag. Med omlag 450 tilsette er vi ein viktig arbeidsgjevar og ein aktiv støttespelar i lokalsamfunna der vi har aktiviteten vår. Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede. Vil du vere med og sikre god fiskehelse og fiskevelferd gjennom heile verdikjeda? Som fiskehelsebiolog/veterinær i Bremnes Seashore får du ei sentral rolle i oppfølginga av våre settefisk- og postsmoltanlegg, tett på både drift, biologiske resultat og kontinuerleg forbetring. Du blir ein viktig fagressurs i arbeidet med å sikre god fiskevelferd gjennom heile verdikjeda. Arbeidsoppgåver • Helseoppfølging på våre tre landanlegg • Akuttbesøk ved behov • Vaksinasjonskontrollar • Helsekontrollar, prøvetaking og utstedelse av helseattestar • Tilhøyrande rapportskriving • Rekvirering av legemiddel • Samhandling med drift, myndigheiter og eksterne samarbeidspartnarar • Bidra til biosikkerheitsarbeid, intern opplæring og kontinuerleg forbetring • Deltaking i prosjekt knytt til smoltkvalitet og biologiske prestasjonar • Fagleg støtte og oppfølging av sjøfasen ved behov (t.d behandlingsoppfølging) Stilinga vil kunne inngå i vaktordning. Vi ser etter deg som • Er veterinær eller fiskehelsebiolog med norsk autorisasjon • Har du erfaring frå landbasert oppdrett, herunder settefisk- eller postsmoltproduksjon, tel det særs positivt • Erfaring frå matfiskproduksjon er også ein fordel • Evner å uttrykke deg klart og tydeleg, både skriftleg og munnleg • Er strukturert og ryddig • Har sterkt engasjement og evne til å jobbe målretta • Er ein god lagspelar, samtidig som du evnar å jobbe sjølvstendig • Har førarkort klasse B og disponerar eigen bil Vi tilbyr • Ei variert og sjølvstendig nøkkelrolle i eit sterkt fagmiljø • Moglegheita til å påverke fiskehelse og fiskevelferd gjennom heile verdikjeda • Dyktige kollegaer og gode utviklingsmoglegheiter • Konkurransedyktige vilkår • Firmahytte i Røldal, på Voss og Altea Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga! Kontaktpersoner: Anne Alina Krüger Sandvik Fiskehelsesjef +4797795948 anne.sandvik@seashore.no Tilbake til hovedsiden Søk

This job comes from Bremnes Seashore AS. Last updated on 30 oktober 2026.